Produkt og tenester

Kvalitet, nøyaktigheit og funksjonalitet er avhengig av godt kvalifisert personell og rett produksjonsutstyr.
Møre Personal har personell med rett kompetanse på rett stad og investerer i utstyr som tilfredsstiller kunden sine kvalitetskrav.

Møre Personal AS har lokaler med kontor og lagerplass i Mosflatevegen 2 i Ørsta kommune
Møre Personal AS er eit industriserviceselskap, etablert på Mosflata i Ørsta kommune

Personell og vikartenester

Møre Personal leiger ut arbeidskraft innan fagområda plate/sveis, industrirørlegging, byggmontering, mekanisk montering og lagerarbeid.


Verkstad

På Mosflata i Ørsta har Møre Personal etablert sveiseverkstad for produksjon av spesialtilpassa produkt. Det kan til dømes vere mindre stålkonstruksjonar, trapp og rekkverk og monteringsarbeid av stål og metall.

Verksemda har sertifiserte sveisarar for alle typar metall og nyttar programmet Autocad til teknisk teikning. Møre Personal leverer alt innan maskinering og laserskjering av stål og metall, galvanisering og pulverlakk.


Montering

Møre Personal monterer produkt over heile landet på vegne av fleire produsentar innan forretningsområda marina, bygg, innreiing i kontorbygg eller industribygg.


Service og vedlikehald

Møre Personal samarbeider med fleire leverandørar om serviceavtalar, vedlikehald og montering.

Serviceavdelinga vår har svært høg kompetanse på marinaanlegg og har serviceavtalar med fleire småbåthamner. Vi dekkjer heile landet.


Eigedomsforvaltning

MGJ Eiendom AS er ein del av selskapsgruppa som utviklar og driftar eigedom. Ta kontakt med Gunnar Engeset for spørsmål om utvikling og drift. Bruk telefon 957 35 86 eller send e-post.